Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Ap får tilbake ordførar i Drammen

SKIFTE: Etter 16 år med blått styre får Arbeidarpartiet ordføraren i den samanslåtte Drammen kommune. Miljøpartiet Dei Grøne får varaordføraren. Monica Myrvold Berg (Ap) blir ny ordførar i nye Drammen kommune, medan Ståle Sørensen frå MDG blir varaordførar. Det kunngjorde Ap, MDG, Sp, SV og Venstre fredag. Sp var på vippen og var så seint som torsdag kveld i møte med Høgre, ifølgje Dagsavisen Fremtiden. No har dei likevel vorte samde om eit samarbeid med dei raudgrøne. Til saman har dei fem partia dermed 29 av 57 plassar i kommunestyret. Raudt, som fekk éin plass i kommunestyret, er ikkje med i samarbeidet. ©NPK