Erkjenner falske reiserekningar

TRIKSA: Frps stortingsrepresentant Mazyar Keshvari, som er sikta for grovt bedrageri, erkjenner å ha levert fiktive reiserekningar til Stortinget for 450.000 kroner. Frp-profilen har sagt seg villig til at straffesaka skal behandlast som ei tilståingssak, skriv Aftenposten. Keshvari er sikta for grovt bedrageri, som har ei strafferamme på inntil seks års fengsel. Forsvarar John Christian Elden stadfestar at klienten hans erkjenner å ha ført fiktive reiserekningar for cirka 450.000 kroner i perioden 2014 til 2018. Summen Keshvari no har erkjent, er betydeleg høgare enn det som tidlegare har vore kjent. Saka vil gå i Nedre Romerike tingrett 18. oktober.©NPK

Du kan bla til neste sideBla med piltastene