Blant Netflix-tilbodet i september er Gideon Raffs («Homeland») nye serie «The Spy», basert på livet til den verkelege, israelske agenten Eli Cohen, ei alvorsrolle frå komikar Sacha Baron Cohen.
Du kan bla til neste sideBla med piltastene
«Unbelievable» granskar manglande politivilje til å forstå og prioritera valdtekt.
Etterforskar offeret
Melding
Vellaga korrektiv til spekulativ sjanger.
(USA, 2019)
Serieskapar: Susannah Grant.
Regi: Lisa Cholodenko, Michael Dinner, Susannah Grant.
Med: Toni Collette, Merritt Wever, Kaitlyn Dever.
Lengde: 8 episodar à 45 min. til 1 t.
Vist på: Netflix frå 13. september.-
Film- og fjernsynshistoria rommar tallause skildringar av seksuelle overgrep mot kvinner, men svært få vellaga og relevante forteljingar om valdtekt – sett frå den valdtekne sitt perspektiv. «Unbelievable», som går føre seg i vår eiga samtid i USA, er eit heiderleg unntak i sjangeren politidrama.