Dei verkelege kvalitetane i «Leve hemmeleg» kjem fram når skodespelarane får levere teksten.
Det Norske Teatret, premiere 8. september 2019
Av: Jon Fosse
Regissør: Trine Wiggen
Scenograf og kostymedesignar: Ingrid Tønder
Musikk: Ingrid Jørgensen Dragland
Musikalsk konsulent: Ståle Sletner
Dramaturg: Elin Amundsen Grinaker
Teaterforlag: Colombine Teaterforlag
Med: Heidi Gjermundsen Broch, Gard Skagestad, Morten Svartveit, Hildegunn Riise, Ingrid Jørgensen Dragland, Per Schaanning, Gina Bernhoft Gørvell
«Jon Fosse forstod eg fyrst etter at eg hadde vore i barnedåp på Vestlandet», sa ein ven og kollega ein gong me stod i ein eller anna teaterbar. Vi hadde byrja kvelden med å diskutere fag, før samtalen sklei ut og over i konvensjonar på Vestlandet versus Austlandet. Det var då det demra for meg. Han, oppvaksen på Nordstrand i Oslo, kjende seg ikkje heime i språket til Fosse. For meg som er oppvaksen på Voss, er dette daglegtale. Vi har småprat vi vestlendingar også, men det artar seg på andre vis og er i mindre grad standardisert. Når ein møter kjenningar på gata heime, er det ikkje «Hei korleis går det? Fint takk, og du?» Det er kanskje «Ja, ja, du er her du òg? Ja, i dag er eg her. Og du er her du også?» Eller noko i den duren.