Du kan bla til neste sideBla med piltastene
  • Partia kjempar både ein lang og ein kort valkamp. Det skriv statsvitarane Grindheim, Heidar, og Strøm i læreboka «Norsk politikk» frå 2017. Den korte har vi no lagt bak oss: Nokre hektiske veker med partileiardebattar, standhaftige partifolk på stand i regnvêr og solskin alle stader frå Grønlands torg i Oslo til samvirkelaget på Sandsøya. Kledd i Erna-genser, Senterpartiet-poncho eller Folkeaksjonen nei til meir bompengar-buttons. No skal dei endeleg få fred, demokratiet sine fotfolk (tenkjer kanskje vi som ser på. Partifolka sjølve tenkjer nok at no startar jobben).
  • For den lange valkampen tek til dagen etter valet. Alt eit parti gjer eller ikkje gjer fram til neste val, kan påverke veljarane i den eine eller andre retninga. I så fall tek stortingsvalkampen til i morgon. Blir resultatet av kommune- og fylkestingsvalet i dag slik meiningsmålingane tyder på, blir den lange stortingsvalkampen svært spanande. Den kanskje viktigaste trenden er at dei to største partia i kvar av blokkane er i fritt fall. I skuggen av Ap sin nedtur, slit også Høgre med å engasjere veljarane. Skal Erna Solberg (H) ha håp om å bli attvald som statsminister, må ho håpe på ein såkalla «game-changer». Ikkje berre for sitt eige parti, men for samarbeidspartia Frp, Venstre og KrF, som også slit.
  • Trass Ap-motgang, kan det ligge an til at Jonas Gahr Støre (Ap) får realisert statsministerdraumen om to år. Det som no tyder på heilt nye maktforhold på sentrum-venstresida, gjer det uvisst kva slags regjering han i så fall blir statsminister for. Som Klassekampen skriv i dag, kan eit stort og sjølvmedvite MGD ønskje å bli ein del av ei ny raudgrøn regjering. Ap-strateg og klimapolitisk talsperson Espen Barth Eide har i DN endåtil opna for eit regjeringssamarbeid med dei grøne. Det er lite som tyder på at korkje Senterpartiet eller fagrørsla vil finne seg i akkurat det. Mykje tyder derimot på at den lange valkampen vil bli lang.