Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Gerhard Richters liv gjev materiale til ei bombastisk tolking av kunst og historie.

Verk med kjent opphav

KUNSTNAREN VED GJENNOMBROTET: Tom Schillings minimalistiske skodespel skildrar effektfullt dei indre trauma i Kurt Barnert, alias Gerhard Richter, i «Verk uten skaper». FOTO: CINEMATEKET

Problematiske regival øydelegg for interessant film.

(Werk ohne Autor, Tyskland, 2018)

Regi og manus: Florian Henckel von Donnersmarck

Med: Tom Schilling, Sebastian Koch, Paula Beer, Saskia Rosendahl

Lengde: 3 t. 9 min.

Månadens film på Cinemateket

«De andres liv» (2006) var ei finstemt skildring av ein Stasi-agent som utviklar samvit i løpet av årelang overvaking av ein dissident. Filmen vann Oscar og regissør Florian Henckel von Donnersmarck vart lokka til å laga ein tåpeleg Hollywood-fiasko. Klok av skade(?) vende Donnersmarck tilbake til Tyskland og eigne idear. I fjor tok han opp tråden frå debuten i ei endå meir ambisiøs forteljing basert på tysk historie. Også no med ein observatør i hovudrolla.