Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Film

Utan kinoavtale

Netflix’ mest omtalte premiere i år er Martin Scorseses mafiadrama «The Irishman» med Robert De Niro og Al Pacino. Filmen er strøymetenesta sin kandidat til ein ny Oscar, men det føreset at filmen har hatt kinovising, og Netflix har ikkje kome til semje med amerikanske kinokjeder. Filmen ligg no an til svært avgrensa kinodistribusjon frå 1. november. Verdspremieren blir opninga på New York Film Festival 27. september. Guri Kulås

Film

Frå festival til nett

Bildetekst Bildetekst

Strøymetenestene får stor festivaleksponering når dei knyter til seg regissørar frå øvste hylle. Kinopublikum får derimot ikkje naudsynt utteljing for pengane Netflix og andre legg inn i kvalitetsproduksjonar, all den tid filmar laga for det store lerretet i all hovudsak blir strøyma på nett. Steven Soderberghs Panama-papira-film, «The Laundromat», vil gå tre veker på kino før Netflix-debuten 18. oktober. Noah Baumbachs «Marriage Story» får ein månad på kino før Netflix-lansering 6. desember. Begge filmar har premiere i Venezia no. Guri Kulås

TRINE DYRHOLM I: Trine Dyrholm (47) gjorde sin scenedebut i Melodi Grand Prix alt i tenåra og er i dag ein av Danmarks fremste skodespelarar. Rolla i Suzanne Biers Oscar-vinnande «Hævnen» (2010) stadfesta statusen. GK

TRINE DYRHOLM II: Dyrholm trekker ofte til seg all merksemd når ho er på lerretet. Thomas Vinterberg utnytta karismaen hennar i filmen «Kollektivet»(2016), og Dyrholm vart tildelt Sølvbjørn i Berlin for skodespelet.GK