Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Sterkast åleine eller saman?

FAMILETRØBBEL: Sam og Tess finn saman i si søking vekk frå og til sine respektive familiar. FOTO: STORYTELLING MEDIA STORYTELLING MEDIA

Vågal historie som gjev litt for lite motstand.

(Mijn bijzonder rare week met Tess, Nederland, 2019)

Regi: Steven Wouterlood

Manus: Laura van Dijk og Anna Woltz etter Woltz’ bok.

Med: Sonny Coops Van Utteren, Josephine Arendsen, Tjebbo Gerritsma, Jennifer Hoffman, Johannes Kienast.

Norske røyster: Elias Farnes Ottersen, Liv Almaas, Mads Henning Jørgensen, Inger Gundersen, Jan Gunnar Røise, Sarah MacDonald, Berge Jeppe Westerby, Magnus Nilsen, Katrine Blomstrand.

Lengde: 1 t. 24 min.

Ein må applaudera nederlandsk film for å prioritera barne- og ungdomspublikum. Superheltar i alle format er totalt dominerande for 10- til 13-åringar, men «Min fantastiske sommer med Tess!» er ein av mange nederlandske filmar som går inn i barneliv i dag og nyttar samtidsspesifikk optikk på evige tema: døden, kjærleiken og familien.