- Valkamp er tida for politikarar som let seg filme i uvande settingar, i håp om å overtyde veljarane. Sist ute er landbruks- og matminister Olaug Bollestad (KrF) som i går publiserte ein video av seg sjølv i bokseringen. Målet var å reklamere for fritidskortet for unge som KrF har fått gjennomslag for i regjeringsplattforma. Fritidskortet er for alle born mellom 6 og 18 år og skal dekke deltakaravgift på fritidsaktivitetar. I kampen serverer statsråd Bollestad gullkorn som «Du e ein rektige ramp» og «Du e pin ikkje rektige!». Filmen finst å sjå på KrF sin Facebook-profil.
Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Mørkhuda
Dagboka
- Det var ikkje mange mørkhuda i Bergen på 1960-talet, noko eg vart mint om i eit intervju eg gjorde for over 40 år sidan med Antony Rajendram frå Sri Lanka. Han kom til Noreg og Bergen på 1960-talet og kjende seg naturleg nok annleis. Så få var dei at Anthony i rein begeistring tok direkte kontakt med ein afrikanar han møtte på gata fordi han var den einaste andre mørkhuda han hadde sett i byen.