Morskvalar
Alternativ: Linn Strømsborg vekkjer medvit om familieforventingane våre.


Linn Strømsborg
Aldri, aldri, aldri
Litteratur
Flamme forlag 2019, 224 sider
Tida då ein får barn, er den beste og den verste tida. Det påstår i alle fall den namnlause hovudpersonen i Linn Strømsborgs fjerde roman «Aldri, aldri, aldri». Ho verken har eller vil ha barn sjølv, så det ho seier, er bygd på andrehandserfaring: Sjølv står ho støtt i valet sitt, men alle rundt henne byrjar brått å ønske seg, vente, få barn. Når dei næraste vennane ventar sitt første, byrjar også kjærasten Philip å endre seg, trass i at han eigentleg er innforstått med at ho ikkje vil ha ungar. Medvitet om barn veks, i han og i henne, og brått er dei små å sjå på alle kantar – dei skrik i barnevogner, bablar på bussen, spring i gatene og balanserer på fortauskantane. Ikkje minst dukkar dei opp i samtalar med vennar og kjente: Dei snakkar om det heile tida.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent