Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Gjekk eg òg i anglisismefella?

Låneord på ny

E-postane etter førre spalte syner at kritikken av ord i norsk som me har teke litt for kjapt inn frå engelsk (gå viralt, adressera påstandar og så vidare), fall i god jord. Ein lesar tykte eg sjølv òg hadde gått i fella ved å nytta familiær på ‘unorsk’ vis, i setninga: ‘Kor mange lesarar er familiære med dét ordet’. Ho hadde rett i at det er lån. Men eg var medviten i skrivestunda, bruksmåten er oppført både i Bokmålsordboka (2005) og Nynorskordboka (2006). Gjeldande norsk har to bruksmåtar: 1) som gjeld familien, 2) fortruleg, velkjend.

Sylfest Lomheim skriv om språk i Klassekampen kvar onsdag.