Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Mobbing

  • Dei er hjarteskjerande historiene som brettar seg ut frå den vesle bygda Drangedal i Telemark. I skuggen av bygdelivet skal mange gjennom fleire tiår ha blitt utsett for grov mobbing. Saka blir no omtalt som ei av dei største mobbesakene i norsk historie. Denne helga skreiv NRK om 28 år gamle Cecilie Haugen. Ho er ei av mange som gjennom oppveksten i Drangedal er blitt mobba. Ho var blant seks sambygdingar som tok kontakt med advokat Vibeke Hein Bæra. Til no har 66 personar kontakta Bæra. Enkelte av sakene går fleire tiår til attende. Mange vurderer å gå til sak mot kommunen.