Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Bør ikkje armlengdesprinsippet òg gjelda for velgjerarar som byr seg fram?

Kostbare gåver til bry

ARMLENGDE: Trine Skei Grande stør armlengdesprinsippet mellom politikk og kulturliv, men heiar på avtalar mellom private kulturpengar og offentlege institusjonar. Her er Grande på Venstres landsmøte. FOTO: ANNIKEN C. MOHR Anniken C. Mohr /klassekampen

I sommar har Kultur-Noreg endå ein gong krangla om private kunstgåver til det offentlege. Private samlarar vil igjen dela av si overflod med allmenta. Slik ser i alle fall gjevarane og dei lukkeleg utvalde mottakarane ved Nasjonalmuseet og Sørlandets Kunstmuseum på saka, og dei får støtte frå Trine Skei Grande. Ho er entusiastisk statsråd i ei regjering som fann opp «gåveforsterking» på kulturfeltet, for å oppmoda kulturinstitusjonar til å jakta på sponsorar. Grande ser private gåver som ei velsigning for kulturlivet, og karakteriserte kritikken mot Nasjonalmuseets avtale med Fredriksen-familien som «uverkeleg».