Eg reiser gjennom vakre, norske sommarlandskap medan eg skriv dette. Ikkje urørt natur, men strekningar som er produkt av menneskeleg aktivitet: dyrka mark, velhaldne driftsbygningar, næringsområde, campingplassar, små og store byar. Område som er vakre nettopp fordi menneska har lagt ned arbeid og sjel i dei, gjennom hundrevis av år.