Ut av klimakrisa
Måtehald og reparasjonar framfor vekst og luksus
Det blir bygt,og det blir kjøpt. Det blir bygt butikklokale og kjøpesentera, vindmøller, motorvegar, skular og sjukehus og snart nye NRK-lokal, store bustadhus og like store hytter. Ikkje fordi det gamle er ubrukande, men fordi bygging vanlegvis er billig, renta enno låg og det nye hakket betre enn det gamle. Og det blir kjøpt datautstyr, bilar, kjøkken, møblar. I eit land som vårt, med rikeleg tilgang på varer som er billige fordi dei er produserte i land med låge lønner, barnearbeid og veike miljøkrav, er arbeids- og reparasjonskostnader store i høve til nyinnkjøp. Difor lønner nytt seg.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn