Tvungen til å leve to liv
I Tyrkia brukar skeive falsk namn og drøymer om å flytte. Tilbakegong skuffar unge:

– Eg har vore klar over at eg er homofil heile livet. Men eg fortalde det for første gong til nokon då eg hadde gått drygt eit halvt år på Universitetet i Ankara. Familien min veit framleis ingenting om legningen min, seier Taha.
Klassekampen møter 21-åringen på Utøya. Han er tyrkisk, universitetsstudent og LHBT-aktivist. Av omsyn til situasjonen i heimlandet held me oss på førenamn. Taha er på Utøya i for å delta på Thorvald Stoltenbergs seminar for demokratitrening, saman med unge deltakarar frå heile Europa.
Til vanleg bur Taha i Ankara i Tyrkia, der han studerer helsevitskap på Universitetet. Han er fødd og oppvaksen i Van, ein kurdisk-dominert by litt større enn Bergen, heilt aust i Tyrkia.
Livsfarleg Pride-parade
I dei tyrkiske millionbyane Istanbul, Ankara og Izmir kan ein til ei viss grad leve opent som homofil, avhengig av omgangskrins.
Tyrkia er det første landet i verda med muslimsk majoritet som tillét Pride, for fyrste gong i 2003 i Istanbul. Ti år seinare deltok om lag 100.000 menneske i Pride-paraden i Istanbul. Men i 2015 vart Pride forbode i Istanbul. Spenning er knytt til om det vil bli tillate i år, for fyrste gong på fire år. Datoen for Istanbul-Pride er sett til 30. juli. I Antalya har lokale styresmakter alt forbydd årets Pride, ifølge den tyrkiske avisa Ahval. Det gjer det vanskeleg for Tyrkias skeive befolkning.
– Eg kan summere og seia at eg lever to liv. Samfunnet mitt er konservativt, familien min er konservativ. Eg kan ikkje vere open for andre enn vennar. Eg har blitt vand med å lyge for familien min. Sjølv om det ikkje kjennest riktig, så er det nødvendig, seier Taha.
Han fortel han ikkje orkar ta den krangelen. Han veit foreldra vil bli skuffa og sjokkert.
«Det er ei påkjenning å heile tida bli mint på kor ikkje akseptert min identitet er»
— TAHA, LHBT-AKTIVIST
– Eg kjenner fleire andre som gjer det same, som lever dobbeltliv der dei drikk alkohol, har kjærastar, har sex og går på byen, men held det heilt skjult for familiane sine, seier Taha.
Mange unge lever dobbeltliv i Tyrkia, seier Taha. Også heterofile, sjølv om dei ikkje treng skjule legningen sin slik Taha, og andre i det skeive miljøet gjer.
Aktivisme under radaren
– Eg forsøka ein gong å opne meg for foreldra mine og fortalde dei at eg hadde drukke alkohol med venner. Foreldra mine svara med å seia at eg var dum som kasta vekk pengar på alkohol og drakk meg full, seier Taha.
Han jobbar for skeives rettar via ein studentorganisasjon. I løpet av dei siste åra har gruppa hans vore tvungen under bakken. Aktivitetar som filmvisning er blitt lyssky og må gjerast utan promotering.
– I to år har eg vore med i studentorganisasjonen Ankara LHBTQ+ Student Initiative. Me prøver å nå studentar med mellom anna visning av filmar som handlar om skeives rettar, seier Taha.
I Tyrkia er universiteta både politisk og økonomisk avhengig av styresmaktene. Taha meiner det er til hinder for intellektuell utvikling.
– På samlingane eg er med å arrangere, tek me imot spørsmål frå yngre studentar om det å vere skeiv, korleis komme ut av skapet og så vidare. Nokre gonger har me fått inviterte gjestar frå andre organisasjonar som har snakka for oss. Men det har blitt vanskelegare og meir byråkratisk å få løyve frå universitetsadministrasjonen til å invitere inn eksterne, seier Taha.
Moglegheiter utanlands
– I Tyrkia lever mange menn med kone og born, medan dei i skjul er homofile og ligg med menn. Dette er veldig vanleg, seier Taha.
I eit Tyrkia som har blitt stadig meir konservativt i kombinasjon med at religion blir nytta som sosial kontroll, er fridom ei dagleg utfordring for mange undertrykte grupper i samfunnet.
Ifølge Taha tenker mange homofile i Tyrkia på legningen sin som ein nytings-preferanse, ikkje som deira identitet. Dei møter menn på appar eller via sosiale medium.
– Den førre mannen eg var saman med bruka falskt namn, eg veit ikkje kva han eigentleg heiter på grunn av at han jobbar for styresmaktene. Me var saman i drygt to månader, seier Taha.
Å leve med påkjenninga av å ikkje kunne vere open om ein så sentral del av livet som eins seksuelle legning er ei påkjenning mange homofile kjenner på. I 2015 tok den tyrkiske transkvinna Eylul Cansin livet av seg. Ho lét etter seg ein video kor ho fortalde at ho ikkje klara leve lenger på grunn av den store diskrimineringa ho opplevde. I Tyrkia er sjølvmordstala langt høgare blant homofile enn blant heterofile.
– Det er ei påkjenning for meg å heile tida bli mint på kor ikkje akseptert min identitet er. Det kjennest som noko krasjar ned på meg heile tid, det gjer meg utsliten, seier Taha.
Han fortel at skeive som ynskjer å gifte seg og adoptere, vil flytte til utlandet. Han meiner at tyrkisk media er sterkt undertrykt, og at dei ikkje oppfyller rolla si med å undervise og opplyse det tyrkiske samfunn om kva LHBT er, og at det finst organiseringar som jobbar for rettane til skeive.