Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Bortskusla om demens og sorg

Sit fast: Claire Darling (Catherine Deneuve) har levd i minna, me vil no få orden på sitt hus før ho døyr. FOTO: FIDALGO

Tid er meir enn klokker.

(La dernière folie de Claire Darling, Frankrike, 2018)

Regi: Julie Bertuccelli

Manus: Julie Bertuccelli m.fl. etter Lynda Rutledges roman

Med: Catherine Deneuve, Chiara Mastroianni, Alice Taglioni

Lengde: 1t 34 min

Filmskapar Julie Bertuccelligjekk frå dokumentar til fiksjon etter å ha vore assistent for kjende regissørar som Krzysztof Kieslowski. Ho har regissert eit fåtal spelefilmar sidan den kritikarroste debuten «Tiden etter Otar» (2003). «Treet» (2010), som fekk mest merksemd for Charlotte Gainsbourgs skodespel, vart òg vist på norske kinoar. Begge filmane handlar om mødrer og døtrer som sørgar over tapet av ein son/bror eller ein ektemann/far. Slik sorg er også eit underliggjande og splittande tema i Bertuccellis seinaste film, som har fått den litt villeiande komiske tittelen «Claire Darlings siste påfunn».