Kjønnet til Theresa May har sjeldan vore eit tema på den same måten som kjønnet til Margaret Thatcher. Thatcher var først ute som kvinneleg statsminister i Europa, mens berre Golda Meir og Indira Gandhi var profilerte lenger ute i verda. Like etter Thatcher kom Vigdís Finnbogadóttir til på Island, og Gro Harlem Brundtland her heime. Sidan har det vore mange kvinner i politiske toppstillingar, sjølv om det sjølvsagt skulle ha vore fleire. Thatcher var polariserande, og både dei positive og negative reaksjonane var oftast kjønna. Mitterrand skal ha sagt at ho hadde auga til Caligula og leppene til Marilyn Monroe, overklassegutane i regjeringa til Thatcher underkasta seg den presumptivt erotiske sadistiske utstrålinga hennar, og blotta baken for slag frå ein dominatriksfigur, mens vi andre hadde lettare for å oppleve ho som ei jævla heks. Vi var i så fall ikkje aleine. Da ho omsider døydde i 2013, såg den stadig engstelege statsfinansierte kanalen BBC seg nøydd til å leggje ned forbod mot ein låt som brått vart populær som ønskeplate, «Ding Dong the Witch is Dead».
Feministane Bodil Stenseth, Wencke Mühleisen, Asta Beate Håland, Stephen Walton, Kristina Leganger Iversen og Muna Jibril skriv i Klassekampen måndagar.