Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Eit forsvar for Sancho Panza og Don Quijote.

Motstand i medvind

Verken Don Quijote eller Sancho Panza er dei skarpaste knivane i skuffen. Lågadelsmannen Don Quijote har forlese seg på riddarromanar og tar på seg å redda verda som omreisande riddar, på ein skrøpeleg hest og med heller dårleg utrusting. Bonden Sancho Panza lar seg lura av riddarens fagre løfter til å bli væpnaren hans. Men i motsetning til sjefens høgstemte idealisme, står Sancho Panza for sunt bondevett og ei praktisk tilnærming til dei oppdraga Don Quijote tar på seg.