Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Omsetjing: Den norske språkdrakta gjer svakheitane til Edward St. Aubyn sin «Dunbar» meir synlege.

Ute i hardt vêr

TRAGEDIE: Skodespelaren Ludwig Devrient som Kong Lear. Verket er truleg laga til Jean-François Ducis sin oppsetting i 1769. ILLUSTRASJON: WIKIMEDIA

På papiret var det ingen eg såg som betre eigna til å skrive ein ny versjon av Shakespeares «Kong Lear» enn den britiske forfattaren Edward St. Aubyn. Det var nesten som ein kunne kalle det «marriage of true minds» – sjølv om det er ei likning St. Aubyn, lik alle andre, ville kome i overkant godt ut av. Men det er eit shakespearsk sus over St. Aubyns portrettering av eit menneskesinn i oppløysing i Patrick Melrose-serien (1992–2012). Dei fire bøkene er klassiske comedies of manners sett til den britiske overklassen, på eit nivå som gjer St. Aubyn til den rette arvtakaren til Jane Austen og Oscar Wilde, men dei er forankra i tragedien og viser eit sylskarpt blikk for korleis eleverte posisjonar korrumperer mennesket. Shakespeares bread and butter, med andre ord.