Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Krev at kommunar kutter i utslepp

KRAV: MDG-topp Une Bastholm vil skrote «dumme og gammaldagse» reglar og lønne klimaflinke kommunar. I dag blir det ikkje stilt krav til utsleppskutt i kommunane. – Noreg har ikkje ein truverdig plan for klimapolitikken viss vi ikkje òg stiller krav til kommunane. Alle utsleppa er til sjuande og sist i ein kommune, seier Bastholm. I forkant av MDG-landsmøtet 24.–26. mai er ho ein av dei som foreslår å stramma inn klimaansvaret til kommunane. Bastholm nemner klimakrav i bustadbygging, moglegheit til å opprette nullutsleppbydelar og lågutsleppssoner og regulering av cruisetrafikk som område kor kommunar har ønskt strengare klimakrav enn i dag.©NPK