Den fyrste kunstreisa
I 1819 tok Gerhard Munthe venen Johannes Flintoe med heim til Sogn. Det vart startskotet for nasjonalromantikken.

Den 8. mai i 1819 sitt pensjonert major Hartvig Munthe på garden sin Ytre Kroken i indre Sogn og skriv brev. Han skriv til eldste sonen sin, Gerhard, som alt i mange år har budd i Christiania. Nå skal odelsguten endeleg komma heimatt på visitt. Det er lenge sidan sist; ikkje sidan jula 1816 såg dei han heime. Far Munthe gler seg over at sonen tar med seg ein ven denne gongen. Det er kunstmålaren Johannes Flintoe.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn