Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Med andre ord

Den fyrste kunstreisa

I 1819 tok Gerhard Munthe venen Johannes Flintoe med heim til Sogn. Det vart startskotet for nasjonalromantikken.

NATUREN I FOKUS: Fjell, fjord og fossefall vart hovudmotiv i Flintoe sin utstilling året etter besøket hjå Munthe-familien i Sogn. Enno var ikkje folkelivet komen inn i motivkrinsen. ILLUSTRASJON: JOHANNES FLINTOE, «FRA YTRE KROKEN I SOGN» (1820)/NASJONALMUSEET

Den 8. mai i 1819 sitt pensjonert major Hartvig Munthe på garden sin Ytre Kroken i indre Sogn og skriv brev. Han skriv til eldste sonen sin, Gerhard, som alt i mange år har budd i Christiania. Nå skal odelsguten endeleg komma heimatt på visitt. Det er lenge sidan sist; ikkje sidan jula 1816 såg dei han heime. Far Munthe gler seg over at sonen tar med seg ein ven denne gongen. Det er kunstmålaren Johannes Flintoe.

Les hele Klassekampen på nett

Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.

Bli abonnent

Allerede abonnent?