Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Var ho ei sterk kvinne, eller bar ni mann henne på strak arm?

Nedarva verdiar

Sofia Svensdotter var fødd i 1809 som yngste barn i ein husmannsfamilie i Time på Jæren. Tjueto år gamal tok ho eit steg oppover samfunnsstigen og gifte seg med den sjølveigande bonden Peder Torgerssen i nabokommunen Gjesdal, der dei to eldre søstrene hennar like eins hadde gift seg til gard. Men samlivet gjekk ikkje så bra, og då Sofia i 1838 tok ut separasjon, var det fleire år sidan ho budde saman med Peder.

Ikkje søtt, ikkje surt, ikkje bittert – men salt. Solveig Aareskjold skriv om det ho sjølv vil i Klassekampen kvar laurdag.