Ekskluderar i aust og vest
Frp har hatt 13 eksklusjonssaker dei siste fire åra
Høgre og Ap har til saman to i same periode

Nasjonale Frp-skandalar knytt til politikarane Ulf Leirstein, Per Sandberg, Mazyar Keshvari og Helge Andre Njåstad har skada partiet, men ikkje leia til eksklusjonar slik vedtektene heimlar for.
Vibeke-Emilie Abrahamsen, leiaren i Bamble Frp som fekk interne dokument frå Njåstad då han leia organisasjonsutvalet i partiet, rauk på hovudet ut då ho ikkje ville underteikna ein teielovnad. Ho er ikkje åleine.
Kasta veggimellom
I Ringsaker Frp vart styremedlem Hans K. Arnkjærn ekskludert på livstid etter å ha opptredd trugande overfor Einar Glasø på eit styremøte.
Arnkværn forklara til Hamar Arbeiderblad kva som var årsaka til handlinga.
– Å bli truga med å bli kasta veggimellom er vel å bli truga med juling? Kven finn seg i det på eit styremøte? Ikkje eg!
Bakgrunnen for oppgjeret mellom Arnkværn og Glasø var ifølgje førstnemnde ein kamp om plass på stortingslista.
Klassekampen har funne fram til 18 saker sidan 2015 der eit eller fleire medlemmer i Frp har vore truga med eksklusjon. I 13 av sakene vedtok fylkesstyra, som sit med den lokale heimelen, eksklusjon eller tidsavgrensa utmelding.
Konflikten i Aust-Agder i 2016 og 2017 var den mest omfattande. Politisk sett handla konflikten om samanslåinga av Aust- og Vest-Agder til eitt fylke. I Aust-Agder var Frp mot, og mellom dei som stod fram i striden var stortingsrepresentant Ingebjørg Godskesen. I desember tapte ho nominasjonskampen mot Åshild Bruun-Gundersen.
Då Bruun-Gundersen i fylkestinget røysta for samanslåing av dei to Agder-fylka, kravde fire lokallag nytt nominasjonsmøte. Det utløyste bråk.
I januar 2017 vart først leiar og nestleiar i Arendal Frp ekskludert i lag med eit meinig medlem. I byrjinga av februar vart 18 lokale tillitsvalde truga med eksklusjon. Fylkesstyret la desse siste sakene vekk, og sentralstyret i Frp gjorde om eksklusjonen av leiar og nestleiar i Arendal Frp.
Truga med eksklusjon
Godskesen melde seg ut etter at ho på Stortinget røysta mot samanslåing av Agder-fylka i strid med partilina.
I Stavanger Frp resulterte ein konflikt om kven som skulle vere partiet sin ordførarkandidat ved kommunevalet i 2015, i ein opprivande indre strid. Både i 2015 og 2016 vart det gjort freistnadar på å få ekskludert mellom anna gruppeleiar i Stavanger bystyre Christian Wedler.
I Tromsø vart gruppeleiar i bystyret Anni Skogman ekskludert av styret i Troms Frp i 2016 etter ein kraftig intern konflikt. Sentralstyret gjorde seinare om eksklusjonen.
Kasta ut på ti timar
I Bergen vart nestleiar Arne Gabrielsen ekskludert i 2018 i ein prosess som leiaren Christian Thomsen sette i scene og fekk gjennomført på ti timar. Dei ti andre styremedlemmene har kravd eksklusjonen gjort om, men fånyttes.
Konflikten skuldast ein maktkamp der seniorane i partiet vart skulda for fraksjonsverksemd. Eit medlem vart ekskludert i 2019. Sju andre medlemmer skal vere truga med eksklusjon i brev frå fylkesstyret. Fleire av desse har sidan meldt seg ut.
Klassekampen har sjekke eksklusjonspraksisen i Høgre, som har nær dobbelt så mange medlemmer som Frp og Arbeidarpartiet, som har tre gonger så mange. Høgre har ikkje ekskludert medlemmer dei siste fire åra, medan Ap har ekskludert to dei siste tolv åra.
Generalsekretær i Frp, Fredrik Färber seier til Klassekampen at han ikkje har ei forklaring på kvifor Frp har så mange fleire eksklusjonssaker enn andre parti. Han trur ikkje det har med partikulturen å gjere. Inntrykket er at det har vorte færre eksklusjonssaker dei seinaste åra.
– Mange av desse sakene har sitt utgangspunkt i kamp om posisjonar og nominasjonar. Det vi veit om slike kampar, er at dei kan få fram uheldige sider hos dei som kjempar om makta med spisse olbogar og tøffe utsegn. Det er stor takhøgd i vårt parti så lenge usemja skjer internt, men det er ei tid for debatt. Når vedtaka er gjort må vi slutte rekkene, seier Färber.
Dei vart avskilta
2019
- Leiar i Bamble Frp, Vibeke-Emilie Abrahamsen, vart ekskludert for ikkje å ville signere ein teielovnad om saker tidlegare leiar i Frps organisasjonsutval, Helge Andre Njåstad, hadde delt med henne.
- Eit menig medlem vart ekskludert frå Bergen Frp med påstand om at han hadde fremja trugsmål mot fylkesleiaren i Vestland Frp.
2018
- Innlandet Frp vedtok å ekskludere Geir Fauchald «til evig tid». Vedtaket vart gjort om til eit års karantene av sentralstyret.
- Nestleiar i Bergen Frp, Arne Gabrielsen, vart ekskludert av fylkesstyret Hordaland Frp skulda for skjule ein tolv år gamal straffedom.
2017
- Bystyremedlemmene i Kristiansund, Geir Nordli og Roy Olav Holten, vart ekskludert fordi dei i lesarinnlegg i sterke ordelag kritiserte partiet for å støtte opprettinga av fellessjukehus i Molde.
- Tidlegare varaordførar Helge Thorheim og formannskapsmedlem Susan Borg vart fråteke medlemskapen i eit halvt år for å ha røysta i strid med vedtak i Karmøy Frp.
- Leiar Bjørnar Solvei og nestleiar Andreas Arff i Arendal Frp vart ekskludert av fylkesstyret i januar, men eksklusjonen vart gjort om av sentralstyret. Eit medlem som vart ekskludert i same møtet, fekk ikkje medhald i sentralstyret.
- Leiar i Arendal Frp vart i mai ekskludert for andre gong skulda for å ha skada partiet og partimedlemmers omdømme gjennom utsegn til presse og på Facebook.
2016
- Gruppeleiar i bystyret i Tromsø, Anni Skogmann, vart ekskludert fordi ho nekta å skrive under på ei lojalitetserklæring. Sentralstyret i Frp gjorde om vedtaket.
- Styremedlem i Ringsaker Frp, Hans Kristian Arnkværn, vart ekskludert etter tumultar på eit styremøte med ein annan styremedlem i lokallaget.
2015
- Bystyremedlem i Sandnes, Pål Andor Østvold, vart ekskludert, etter i skarpe ordelag å ha kritisert partileiar Siv Jensen for å føre ein for liberal flyktningpolitikk.
- Knut Hageberg i Nord-Odal Frp vart ekskludert etter å ha kritisert fylkesleiaren for medvete å ha hindra at kommunevallista vart sendt inn til rett tid.
- Jarl Meland i Spydeberg Frp vart fråteke medlemskapen i eitt år etter at han på Facebook mellom anna sidestilte Ap-leiar Jonas Gahr Støre med Vidkun Quisling.