VIPPEN: Bompengepartiet er større enn Ap i Bergensavisens meiningsmåling for mai. Dei som vil danne byråd må samarbeide med partiet.
Med ein oppslutnad på 20,6 prosent er Folkeaksjonen mot bompenger (FMB) nest største parti i Bergen. Målinga som Bergensavisen (BA) publiserte i går, stadfester at bergensarane er misnøgde med at byen i april fekk 15 nye bomstasjonar.