Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Bompengepartiet nest størst:

Ap-krise i Bergen

NEDTUR: Arbeidarpartiet og ordførarkandidat Marte Mjøs Persen møter krisemåling i Bergen. FOTO: ØYSTEIN HAARA Øystein Haara

VIPPEN: Bompengepartiet er større enn Ap i Bergensavisens meiningsmåling for mai. Dei som vil danne byråd må samarbeide med partiet.

Med ein oppslutnad på 20,6 prosent er Folkeaksjonen mot bompenger (FMB) nest største parti i Bergen. Målinga som Bergensavisen (BA) publiserte i går, stadfester at bergensarane er misnøgde med at byen i april fekk 15 nye bomstasjonar.