Sjaman i Guds hus
Religiøst dialogarbeid møter motbør i ei polarisert tid.

I fleire veker har det vore debatt om eit arrangement i St. Petri kyrkje i Stavanger 20. mai, kalla «The Princess and the Shaman». Det er særleg Stavanger Aftenblad og dei kristne avisene Dagen og Vårt Land som har fronta debatten. Det er vår eiga prinsesse Märtha Louise som har tatt initiativ til det eventyrleg klingande «Prinsessa og sjamanen»-konseptet. Ho møtte den halvt norske sjamanen Durek i USA og vil visa han Norge, samstundes som dei to vil fortelja Norge kva dei har å tilby av spirituelle utviklingsteknikkar og visdom, forankra i sjamanisme som tradisjon og innovasjon.
Så langt, alt vel – dette er eit døme på vanleg, nyåndeleg praksis i land med trus- og ytringsfridom. Igjen viser prinsessa, som er medlem i Den norske kyrkje, at ho er ei kvinne med sans for det som rører seg i tida. Englar, healing, reading, mediumskap, høgsensitivitet og nå sjamanisme blir utforska med prinsessetittelen som både døropnar og byrde.
I Oslo og Tromsø blir same foredrag halde i kulturhus. Kristne kritikarar har meint at kyrkja ikkje skal vera ein stad der folk som frontar praksisar Bibelen åtvarar mot, får komma til orde. Ein har frykta reell åndskamp i Guds heilage hus, og også spurt korfor dette kostar nær 600 kroner i inngangsbillett, og kven som eigentleg er initiativtakar og arrangør. Ein klage på vedtaket om sjamanforedraget blei avvist av Menigheitsrådet 23. april, med grunngjeving i at dialogprest Silje Trym Mathiassen skal setta foredraget inn i ei religionsdialogisk ramme, og også ha avsluttande, oppsummerande kommentarar, men klagarane vil ta det vidare til biskopen.
Dialogprest Trym Mathiassen har fått sterke reaksjonar for initiativa sine før, både positive og negative, men medietrykket denne gong skil seg ut i omfang, slik også dei formelle forsøka på å stoppa arrangementet gjer det. Mathiassen har til dømes ved fleire høve bytta ut preika i gudstenesta med dialog med «dei andre», som medium Anita Helen Rasmussen og alternativmesse-general Christian Paaske. At nyåndelege får prega sjølve gudstenesta med open dialog kan tolkast som sterkare kost enn eit kveldsarrangement for betalande interesserte.
«Kva er det med sjaman Durek og prinsessa som har opprørt ekstra sterkt?»
Trym Mathiassen har også fått storleikar som Snåsamannen og journalisten som møtte Jesus og skreiv bok om det, Charlotte Rørth, til St. Petri. Kyrkja har då vore full av betalande interesserte, som ho jo også er ved konsertar og liknande.
Dialogkveldar i regi av Kyrkjeleg dialogsenter, der Trym Mathiassen er tilsett, er gratis eller i låg prisklasse for å bare dekka utgifter. Dialogsenteret er ikkje arrangør for prinsesse og sjaman-opplegget, men Mathiassen formidla kontakt, og ho har gjeve uttrykk for at ho sjølv synst arrangementet er dyrt. Kritikarane på si side kan neppe både vera irriterte på billettprisen og på innhaldet, i alle fall ikkje med same vurderingskriteria. Tar dei til orde for gratis arrangement, ville dei jo auka tilgjengelegheita.
Kritikken har vidare utvikla seg til ein prinsipiell debatt om kva dialog er i høve til misjon, og om kyrkja er blitt utvatna som forkynnar. Her har dialogteologisk tilsette i ein rad norske byar gått saman om eit tilsvar i Vårt Land der dei held fram at dialog er noko av det viktigaste kyrkja kan driva med, i ei polarisert tid prega av religiøs vald. Dialogteologien sitt premiss om at me kan bli endra i møtet med den andre, framhevar dei som positivt, fordi me alltid blir forandra i møte og treng medvit om dette, og fordi kyrkja har vore kopla til maktapparat og stat og derfor har eit særskilt ansvar for å vera i dialog med annleis truande. Kyrkja må klara å arbeida både med dialog og forkynning, avsluttar dei.
Men kva er det med sjaman Durek og prinsessa som har opprørt ekstra sterkt? Frå den tv-overførte gudstenesta med medium Rasmussen i 2015, summert opp av Stavanger Aftenblad som «en verdig seanse» til sjamanarrangementet i 2019, ser me kanskje at viljen til dialog er blitt pressa i ei polarisert tid. Er ein mørkhuda, mannleg sjaman oppfatta meir annleis og derfor meir truande, eller er det hans og prinsessa sin kjendisfaktor som provoserer? For mange er det nok ein kombinasjon, og samstundes er dette kanskje ei symbolsak næra av frustrasjon over at ein ikkje fekk konservativ biskop i bispedømmet.
Sjølv har eg tenkt å gå, og eg er mest spent på den dialogteologiske innramminga, og på om debatten vil endra seg i ettertid.
Lars Gule, Eivor Oftestad, Anne Kalvig og Helene Næss skriv om religion i Klassekampen kvar torsdag.