Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Går det med LoVeSe som med Hardangervidda?

Vekst og vern

Vedtaket på landsmøtet til Arbeidarpartiet før påske om ikkje å konsekvensutgreia nokon av områda utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja (LoVeSe) var unødvendig, og det provoserte enkelte. Vedtaket sådde tvil hos særleg ein del industriarbeidarar om partiet er til å lita på. Kompromissvedtaket for to år sidan viste seg å vera null verdt. Eit eventuelt nytt vedtak burde ha skjedd etter ein debatt over nytt partiprogram, og ikkje ved å kasta vrak på det gjeldande.