Det politisk personlege
Giske «mista fotfestet» i mediestormen. Han har visst funne det att.

«Det personlege er politisk». Slagordet frå kvinnerørsla på 1970-talet gjeld framleis. Det var blant innsiktene metoo stadfesta: Kvinner er framleis i første rekkje kvinner, jamvel i rolla som aktive samfunnsborgarar innan politikk, organisasjons- og yrkesliv. Og det får reelle politiske og økonomiske utslag – ikkje berre for einskildkvinner, men for eit sosialt berekraftig samfunn – at mange menn ser det som sin rett å sjå på kvinner som sexobjekt i ein kvar samanheng, anten det gjeld TV 2-journalistars krav om å få ha ein sexistisk sjargong på jobb, eller – som «partyministeren» Trond Giske – å nytta kontaktnettet frå politikken på line med ei privat liste over potensielle «one-night-stands».
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn