Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Nokre merknader om Libya til vanlege norske statsborgarar.

Ferdig med saka?

Stortinget har avslutta Libya-saka med ei sjenerøs sjølvvurdering, framført av saksordføraren, Knut Arild Hareide (KrF). Berre representanten Bjørnar Moxnes (Rødt) dissenterte. Følgeleg adresserer eg ikkje dette skriftstykket til parlamentarikarane. Merknadene mine er retta til vanlege norske statsborgarar, for utanfor Stortinget er neppe alle ferdige med den norske krigsdeltakinga. Først minner eg om visse ting som skjedde før møtet i Stortinget 29. mars 2011, då regjeringsmedlemmer og parlamentarikarar stadfesta det dei hadde gått inn for ei veke tidlegare.