Påskedagane erden stille veka. Etter kristen tradisjon tek me då inn korleis den romerske okkupasjonsmakta brutalt krossfesta den radikale og idealistiske rabbien frå Galilea. I pakt med det seier eg audmjukt frå om at eg ikkje gjorde jobben for ei veke sidan. Ei setning der fortalde at Sveits har tre offisielle språk: tysk, fransk og italiensk. Eg utelet (med overlegg) retoromansk, for å ikkje bruka unødig plass til forklaringar. Men e-postar har, med rette, peika på at dette vesle språket med 30–40 000 brukarar i kantonen Graubünden aust i landet også har status som offisielt skriftspråk, om enn ikkje same språkpolitiske status.
Sylfest Lomheim skriv om språk i Klassekampen kvar onsdag.