Korsfesta på ny
Oppstandelse: Kazantzakis brukte påskebodskapen til å dramatisere spennet mellom personleg moral og politisk handling.

I nokre veker eller månadar under flyktningkrisa i 2015 var det som om gapet mellom haldningane og handlingane våre var i ferd med å trekke seg saman. Verkelegheita ute i verda kom brått veldig nær, og den verka å ville tvinge oss til å ta stilling med det vi gjorde, ikkje berre med det vi sa. Eg hugsar opprørte samtalar rundt godt dekte middagsbord, i varme leilegheiter og hus, om kva krisa kunne føre med seg dei neste månadane og åra. No skulle vi verkeleg få prøvd oss, vi som hadde snakka om at ein ikkje kan avvise menneske i naud, at vi ikkje kunne vise bort dei som leid, men måtte ta lidinga inn for å lette den. Når nauda nærma seg, måtte grensene opnast. Men kva med våre eigne hus, våre eigne liv? Var vi klare til å sleppe dei fattige framande heilt inn dit?
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn