Poirot slit i eit framandfientleg Mellomkrigs- England.
(The ABC Murders, Storbritannia, 2018)
Regi: Alex Gabassi
Manus: Sarah Phelbs etter Agatha Christies roman.
Med: John Malkovich, Eamon Farren, Tara Fitzgerald, Shirley Henderson, Freya Mavor, Rupert Grint
Lengde: 4 episodar à 45 minutt
Vist på: Tilgjengeleg i TV 2 Sumo no, vist på TV 2 19. og 20. april
David Suchet brukte nær eit kvart hundreår på å raffinera si tolking av Hercule Poirot (13 sesongar mellom 1989 og 2013). Å utfordra Suchets tolking er ikkje risikofritt, men det må likevel gjerast, om BBC (særleg) skal kunne halda fram med å nyta godt av og vidareforedla den tilsynelatande uuttømmelege, dramatiske gullåra dei har i Agatha Christie.