REFS: Naturvernforbundet reagerer kraftig på at eit konsulentselskap får overprøva statens eigne miljøekspertar. Selskapet har i tillegg milliardinntekter frå oljeindustrien.
Dei miljøfaglege instansane sine høyringsinnspel i den 24. konsesjonsrunde blei sendt rett vidare til det private konsulentselskapet DNV GL for vurdering, tidlegare kjent som Det Norske Veritas. Miljødirektoratet, Havforskingsinstituttet og Norsk Polarinstitutt fekk verken kommentera eller sjå den eksterne vurdering som blei gjort, slik Klassekampen skreiv onsdag.