STRID: Det bryggar opp til oljestrid i Arbeidarpartiet. I Møre og Romsdal trur Ap-politikarar og verftsarbeidarar på eit liv etter olja.
LO feirar 120 år på barrikadane. Leiar i Møre og Romsdal Ap Per Vidar Kjølmoen har invitert Klassekampen med på markering i Molde. Men journalisten rakk ikkje ferja, som sniglar seg over Moldefjorden medan Kjølmoen et marsipankake på Folkets hus.