Astrologi som fag
Kva etisk regelverk skal sjalta ut lovlege yrke?

Det skapte furore då NTB formidla vidare Morgenbladet si nyheitssak om astrologi som godkjent fagutdanning sist veke. Plutseleg skreiv ei mengde norske aviser om Astrologiskolen Herkules som etter seks års kamp hadde fått godkjenning som fagskule av NOKUT, Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga, og saka blei mykje delt i sosiale media.
NOKUT vurderer og fører tilsyn med universitet, høgskular og fagskular på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet. Det springande punktet for kritikarane er kor vidt astrologi kan tella som fag og gje grunnlag for ei godkjent utdanning med lån og stipend i Statens Lånekasse. Leiar for utdannings- og forskingskomiteen på Stortinget, Roy Steffensen frå Frp, reagerer ifølgje NTB-saka på at skattepengar blir brukt på «humbug», og uttaler at «Horoskoper er underholdning, ikke pensum». Jorodd Asphjell frå Arbeidarpartiet i same komité er også kritisk, og meiner astrologiutdanninga bidrar til å svekka fagskulane som ein seriøs aktør.
Lov om fagutdanning slår fast at utdanninga skal gje kompetanse som kan bli tatt i bruk i arbeidslivet utan ytterlegare opplæringstiltak. Du kan bli sminkeartist, massasjeterapeut, biopat og nå også astrolog. Du kan også bli dansar og kunstnar, så vel som offiser i Frelsesarmeen og menigheitsarbeidar. Ein del av desse utdanningane vil kvalifisera som underhaldning og/eller humbug for nokre, men det er astrologigodkjenninga som har skapt dei største bølgjene.
Dersom det er ein etterspørsel etter astrologisk rådgjeving, negledesign og kristen forkynning ute i samfunnet som gjev yrkesmoglegheiter, tilseier lovverket at NOKUT skal godkjenna og føra tilsyn med fagskular som ønsker å møta dette behovet. For astrologien sin del er kunnskapssystemet sin status som esoterisme, okkultisme eller overtru/humbug det springande punktet. Som eit urgammalt fagområde kan det visa til lengre tradisjonar enn dei fleste andre fag og religionar, medan mange vil seia at det ikkje lenger er fag eller kunnskap sidan me har moderne astronomi, og religionar må vel helst vera slike me kjenner frå verdsreligionmodellen.
«Verken akupunktur eller mindfulness kan forklarast med vestleg vitskap»
Motsett hevdar ein ikkje at kristen forkynning, eller presteutdanning på høgare nivå, ikkje burde vera støtteverdig når me har fått moderne vitskapar som medisin, psykologi og pedagogikk. Utdanningar i akupunktur og mindfulness kan ein til dømes også ta ved norske høgskular og universitet, skulenivået over fagskulen, eit nivå som i større grad blir kopla til vitskap i tradisjonell forstand. Dette har ikkje blitt nyheitssak i same grad – sjølv om verken akupunktur eller mindfulness kan forklarast med eller lett innpassast i vestleg vitskap.
Igjen handlar det om grenser og forhandlingar om grenser for kva som skal gjelda som kva, religion, overtru, fag og vitskap. Steffensen synast astrologien sine påstandar er både humbug og underhaldning, ei interessant samanstilling i seg sjølv. Når Astrologiskolen Herkules held fram at «Planetene representerer våre delpersonligheter og fellesmenneskelige arketyper» på nettsidene sine, så kan dette kallast religiøse, åndelege eller esoteriske påstandar. Ein del astrologar vil nok meina at deira kunnskapssystem er noko anna enn åndelege påstandar, noko som ligg nærmare vitskapleg, empirisk utprøving. Det får ein lite gehør for elles i samfunnet, samstundes som mindfulness for mange blir framstilt med eit vitskapleg ferniss, sjølv om forsking på fysisk effekt av meditasjon er omdiskutert.
NOKUT etterlyser sjølv etisk regelverk for akkreditering av fagskular. Desse skal vera alternativ til, og annleis UH-sektoren. Kunnskapsdepartementet uttaler til nettavisa Khrono at «aktuell kunnskap og praksis i yrke» er basis for fagskulane, og at innspela frå høyringsrunden i fjor blir følgt opp av ei arbeidsgruppe.
Folk forholder seg ofte utvunge til parallelle, stundom motstridande, kunnskapsområde, som del av ein seinmoderne, generell kompetanse.
Som forbrukarar navigerer me mellom lovverk, etikk og personlege preferansar og behov. Kva skal ein ikkje få tilby som yrkesutdanning, som finst som lovlege yrke? Me har ikkje norsk fagutdanning i pornoproduksjon fordi me har ei sexkjøpslov som forbyr utleige til og kjøp av prostitusjon. Kva lov eller etikk skulle hindra astrologiutdanning og -bruk?
Lars Gule, Eivor Oftestad, Anne Kalvig og Helene Næss skriv om religion i Klassekampen kvar torsdag.