Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Film

Algeriekrigen

Abdel Raouf Dafri, kjent for originalmanuset til Jaques Audiards «Profeten», ein av fransk films mest kjende manusforfattarar, lagar film om den algeriske sjølvstendekrigen. Marseille-fødde Dafri har i intervju med AFP sagt at han har «klødd etter» å laga denne filmen i årevis. Tittelen «Qu’un sang impur …» er henta frå den franske nasjonalsongen «La Marseillaise», som i norsk omsetjing går slik: Måtte urent blod / Vanne våre plogfurer!» Guri Kulås

Film

Apples merkevarer

ALBERTO PIZZOLI

Dagar før Apple skal lansera strøymetenesta si, er det stor uvisse om kva tenesta vil bli. Media i USA melder at store Hollywood-namn som Steven Spielberg, J.J. Abrams og Reese Witherspoon ikkje har fått vita om, når eller korleis innhaldet dei har laga for Apple vil bli bydd fram til publikum. The New York Times og The Hollywood Reporter hevdar at alle involverte har fått munnkorg og at Apple blant anna er uroa for korleis teknologi generelt og deira eigne produkt spesielt blir framstilte i seriane som straks er ferdiglaga. Guri Kulås

AUDIARD I: Regissør Jacques Audiard vrengjer kulturelle mytar og filmsjangrar. «En meget diskret helt»(1996) går La Résistance etter i saumane gjennom ei svindlarhistorie. Mathieu Kassovitz legg her grunnen for spionrolla i «Le Bureau».GK

AUDIARD II: «Profeten» (2009) er ein fengselsfilm slik ein kunne tenkt at Robert Bresson ville ha gjort sjangeren. Rolla til Tahar Rahim går gjennom ei alternativ fransk sosialisering i dette eksistensielle forbrytarportrettet.GK