STREIK: Mange tusen skuleelevar i Bergen streika og demonstrerte i går for ein betre klimapolitikk. Dei krev handling, ikkje prat.
Dei første elevane samla seg på Torgallmenningen i Bergen alt klokka tolv i går. I totida var storstova fylt opp med skuleelevar til ein overtyande manifestasjon.