GRØNT: Ein eigedomsgigant i Bergen vel klimavenleg massivtre framfor betong i nytt kontorbygg. Dei varslar eit grønt skifte i bygningsindustrien.
Lukta av ferskt trevirke slår deg i møte i det du kjem inn på byggeplassen i Solheimsviken i Bergen. Lange søyler i limtre strekker seg fem høgder opp frå støypegolvet i første etasje. Skråstilte søyler i kvar høgd sikrar avstivinga. Jamvel etasjeskilja er i 22 centimeter massivtre.