Mens eg ventar på trikken på Bislet ein morgon i februar møter blikket mitt Roald Amundsen sitt: ein mann med strengt blikk, ei forteljing om store gjerningar. Plakaten går inn i eit kjend mønster. Norske historiske filmar har i dei siste åra ofte tatt denne forma: ein mann med eit stort ettermæle, og ein film som vil forme publikums oppfatning ikkje berre av han, men og om norsk historie. «Kongens Nei», «Max Manus», «Kon-Tiki» og «Den 12. mann» er andre døme (eller samtidsdramaet «Et mord i Kongo», for den del). Norsk filmindustri har erkjent at dei kan gjere kjempesuksess på filmar om historiske personar. Men som du skjønar, er det noko vesentleg som manglar.
Historisk einfald
Film