Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Abortstrid kan gi ny 8. mars-rekord

KVINNEDAGEN: Over heile landet ventar 8. mars-komiteane rekordoppslutning om årets tog på kvinnedagen. Innstramminga i abortlova provoserer, noko som speiles i årets hovudparole «Forsvar selvbestemt abort – fjern nemndene». Pressekontakt for 8. mars-komiteen i Oslo Hanne Størset anslår ei deltaking godt over rekorden frå 2014, då 15.000 deltok. Også då var abortspørsmålet, nærare bestemt reservasjonsretten for legar, ein magnet for oppmøtet. I år har 12.000 allereie sagt frå på Facebook at dei skal delta. – Det pleier å komme dobbelt så mange på arrangementa våre som dei som melder seg på Facebook, seier Størset. ©NPK