Du kan bla til neste sideBla med piltastene

VG

  • Akkurat no går filmen «Vice» på kino. Eit underhaldande, morosamt og skremmande portrett av den ein gong så mektige visepresidenten til George Bush Jr., Dick Cheney. For oss som framleis var tenåringar – og meir opptekne av gutar frå Volda enn av politikk i 2003 – er filmen ei påminning om den ville forteljinga om krigen i Irak: I FN slo USA sin utanriksminister Colin Powell fast at det ikkje var tvil om at Irak hadde masseøydeleggingsvåpen. Seinare har Powell sagt at talen i Sikkerheitsrådet i 2003 var den verste opplevinga han har hatt i sitt liv. Det var ikkje hald i påstandane han kom med den dagen, men konsekvensane vart katastrofale.