Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Berlinalen er ei (død) kvinne.

Naken og myrda

OFFER: Fatih Akins «Der Goldene Handschuh» er ei nærsynt skildring av ugjerningane til ein tysk kvinnemordar. FOTO: WARNER BROS Gordon Timpen

«Berlinalen er ei kvinne», sa avtroppande festivalsjef Dieter Kosslick ved opninga av den 69. internasjonale filmfestivalen i Berlin. Han kunne skilta med at jurypresident Juliette Binoche skulle vurdera eit konkurranseprogram der sju av 17 regissørar er kvinner. Det er rekord med god margin. For å gjera sitt til at dette ikkje blir eit blaff etter metoo og time’s up, signerte Kosslick også jamstillingsoppropet «50/50 by 2020», som har som mål å oppnå jamstilling i filmbransjen. Filmfestivalane i Cannes og Venezia har alt slutta seg til kampanjen.