Du kan bla til neste sideBla med piltastene

«Livet er den eneste måten» handlar om å hylle diktinga til Wisława Szymborska.

Lågmælt og finurleg

IKKJE PRANGANDE: Ellen Horn (biletet), Gisken Armand og Henriette Marø resiterer med tekstheftet i hendene og tek akkurat den plassen dei treng å ta, ikkje meir. FOTO: ØYVIND EIDE OyvindEide

Ein scenisk kollasj som inviterer oss inn i Szymborska si lågmælte, men storslegne dikting.

Nationaltheatret

Av: Wisława Szymborska i utval ved Jos Groenier.

Gjendiktet av Agnes Banach, Ole Michael Selberg, Christian Kjelstrup og Jan Erik Vold

Regissør og scenograf: Jos Groenier

Lysdesigner: Kristin Bredal

Musikk: Jan Garbarek og Kjetil Bjerkestrand

Komponist og lyddesigner: Kjetil Bjerkestrand

På scenen: Ellen Horn, Gisken Armand og Henriette Marø

Meldt 1. februar 2019.

«Min draum er å bli anmeldt av ein biolog eller kjemikar, i det minste eitt dikt. Litteraturkritikarane les ofte berre kvarandre.» Dette sa Wisława Szymborska (1923–2012) i intervju med Aftenposten eitt halvt år før ho gjekk bort. Eg er ingen biolog, og må såleis skuffe henne, men eg deler Szymborska si interesse for naturvitenskapane. Kanskje difor trefte dikta hennar meg, og kanskje difor kjøpte eg fire diktsamlingar på veg ut frå denne framsyninga på Nationaltheatret. At eg ikkje har oppdaga dikta hennar lenge før slik eg burde, tyder på at Szymborska har rett. Eg brukar truleg for mykje av tida mi på å lese andre kritikarar framfor å oppdage kunsten sjølv.