Ein scenisk kollasj som inviterer oss inn i Szymborska si lågmælte, men storslegne dikting.
Nationaltheatret
Av: Wisława Szymborska i utval ved Jos Groenier.
Gjendiktet av Agnes Banach, Ole Michael Selberg, Christian Kjelstrup og Jan Erik Vold
Regissør og scenograf: Jos Groenier
Lysdesigner: Kristin Bredal
Musikk: Jan Garbarek og Kjetil Bjerkestrand
Komponist og lyddesigner: Kjetil Bjerkestrand
På scenen: Ellen Horn, Gisken Armand og Henriette Marø
Meldt 1. februar 2019.
«Min draum er å bli anmeldt av ein biolog eller kjemikar, i det minste eitt dikt. Litteraturkritikarane les ofte berre kvarandre.» Dette sa Wisława Szymborska (1923–2012) i intervju med Aftenposten eitt halvt år før ho gjekk bort. Eg er ingen biolog, og må såleis skuffe henne, men eg deler Szymborska si interesse for naturvitenskapane. Kanskje difor trefte dikta hennar meg, og kanskje difor kjøpte eg fire diktsamlingar på veg ut frå denne framsyninga på Nationaltheatret. At eg ikkje har oppdaga dikta hennar lenge før slik eg burde, tyder på at Szymborska har rett. Eg brukar truleg for mykje av tida mi på å lese andre kritikarar framfor å oppdage kunsten sjølv.