Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Han skal finne Aps nye nestleiar

MAKT: LO-leiar Hans-Christian Gabrielsen er innstilt som valkomitéleiar i Ap og får dermed jobben med å finne erstattaren til Trond Giske, ifølgje Dagbladet. Valkomiteen vert sett ned under landsstyremøtet 5.–6. februar. Trond Giske gjekk av som nestleiar i Arbeidarpartiet i januar i fjor, og det blir ei sentral oppgåve for den nye valkomiteen å finne etterfølgjaren hans. Sidan to av tre i den noverande leiinga er kvinner, Hadia Tajik og Kjersti Stenseng, må ein eventuell ny nestleiar vere ein mann. Dagbladet har snakka med kjelder som peikar på Tore O. Sandvik frå Trøndelag eller Bjørnar Skjæran frå Nordland som to av dei sterkaste kandidatane.©NPK