- Kvar høyrer kvinna heime? På slutten av 1800-talet skreiv Marie C. Remick i ein artikkel i magasinet The Unitarian om tyske kvinner at desse ikkje interesserte seg for samfunnet kring seg. Dåverande keisar Wilhelm 2. skal ifølgje artikkelen ha uttalt at kvinna i staden burde engasjere seg i dei tre K-ane på tysk «die Küche, die Kirche, die Kinder (kjøken, kyrkje, barna). Same keisar gav i 1899 to amerikanske suffragetter audiens. Etter å ha høyrt på bodskapen frå dei to kvinnene sa keisaren at han i desse spørsmåla lytta til kona. «Veit de kva ho seier? Ho seier kvinna ikkje skal blande seg inn i noko utanom dei fire K-ane. Dei er Kinder, Kûche, Kirche og Kleider.» (klede).
Tre K-ar
Dagboka