Du kan bla til neste sideBla med piltastene

HELSE

Kunst på resept

Knut Løvås

Kunst kan vera tankevekkjande, inspirerande og godt for helsa. Det er ein grunn til at legar no skriv ut resept på å vitja kunstmuseum.

Glenn var sju år gammal då han i 1963 kom bort frå foreldra inne i dei store, stille salane på det uoversiktlege museet Clark Art Institute i Williamstown i den amerikanske østkyststaten Massachusetts. Medan han vandra rundt og leitte etter foreldra, kom han forbi eit kjempemessig måleri, nesten to meter breitt og over to og ein halv meter høgt. Foreldra fann han først ein halv time seinare. Då sat han framleis stille framfor det same måleriet og stira heilt oppslukt på det. Han hadde gløymt tid og stad.