Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Industri

Kamp for industrien

Ny aksjon kjempar for ein betre industripolitikk og trur på regjeringsskifte i 2021

AKSJON: Ståle Johansen frå Kværner Verdal (t.v.), Kim Olav Johansen frå Norske Skog, Remy Penev frå IE Sauda og Ingunn Gjerstad (LO) er mellom initiativtakarane til Industriaksjonen. Gunnar Wiederstrøm

– Det er ei manglande forståing i det norske samfunnet av at vi må skape før vi kan dele, seier Ståle Johansen, klubbleiar for operatørane på Kværner Værdal og ein av initiativtakarane til Industriaksjonen.

I går var representantar for eit 40-tals klubbar og fagforeiningar samla i Bergen.

Bakgrunnen er at industrisysselsettinga i Noreg fell. Medan NHO på årskonferansen denne veka hadde som tema at handelen skaper grunnlag for velferda, meiner Industriaksjonen at det er industrien som trygger velferda.

– Løna til frisøren, sjåføren og butikktilsette er avhengig av kven han deler arbeidsmarknaden med. Der det er industri, tener frisøren og sjåføren meir enn der det ikkje er industri, sa økonomiprofessor Eirik Reinert som held innleiing på stiftingsmøtet.

Ikkje EØS-aksjon

Klubbleiar Gard Folkvord på Boliden i Odda deltok på møtet som observatør.

– Eg vil vite meir om aksjonen før vi melder oss inn. Eg deler føremålet om å betre rammevilkåra for industrien, men vil vere trygg på at aksjonen ikkje vert ein aksjon mot EØS-avtalen. Boliden kan ikkje overleve utan denne avtalen, seier han.

Ståle Johansen seier industripolitikken er hovudsaka.

– Vi må bruke meir av råvareproduksjonen heime til å skape arbeidsplassar. Industrien må få rammevilkår som er tilpassa at vi er eit høgkostland. Då må vi også demme opp for dei negative følgjene av EØS.

Regjeringsskifte

Ingunn Gjerstad representerte LO i Oslo på stiftingsmøtet.

– Kampen for ein betre industripolitikk må vi vere med å reise både i kommunalvalkampen, opp mot LO-kongressen og stortingsvalet i 2021, seier ho.

Johansen seier målet med aksjonen er å påverke industripolitikken til dei raudgrøne partia som dei voner tek over regjeringsmakta etter stortingsvalet i 2021. Dei vil og auke forståing for kor viktig industrien er for verdiskaping og sysselsetting i Noreg.

– Vi skal mobilisere grunnplanet til kamp for ein heilskapleg industripolitikk. Då må vi utvikle tiltak som styrker industrien og sysselsettinga. Og sjølvsagt skal vi forsvare norske løns- og arbeidstilhøve ved å stoppe sosial dumping, seier ho.